Velkommen til FjordIT 2021

7 – 8. Oktober 2021 Scandic Sunnfjord Hotell, Førde

Sunnfjord salen

Ein fantastisk god konferansesal, som vi gleder oss til å ønske våre gjester velkommen inn i.

God lyd, godt lys, god akustikk og gode forelesarar! I tillegg god plass, slik at vi klarer overhalde smittevernsreglar og krav til avstand!

Alt er duka for å ønske velkommen til kanskje haustens viktigaste konferanse!

Bildet tok vi då vi sjølve var gjest på ein vellykka Heilekonferanse 2021!

Tema vi vil ha mykje fokus på er IT sikkerhet.

I år er det hackerens år og vi har derfor hatt mykje fokus på korleis sikre oss og våre kundar, der vi kan vere trygg på at systema vi kan tilby gjev ein trygg og god arbeidskvardag.

Vi vil i tillegg snakke litt om leiing frå digital plattform. Det siste året har alle fått kjenne på det at den digitale verda er blitt den nye normale kvardagen vår. 

Når vi held tråden vidare innan den digitale plattformen er også endringsleiing ett tema som er vel så spennende å ta med. Kva har vi har opplevd og lært hittil, og kva vi kan bygge på vidare for å styrke oss for nye utfordringar som kan komme.